Tolv På Fem Psykose (Søndag)
Kor nedbrotne kan vi menneske bli? Kva skjer inni oss når ljoset sløkker, tungsinnet veg oss ned, og lengsla etter kjærleik driv oss til vanvit? I Tolv på fem Psykose får vi besøkje det indre livet til eit menneske i strid med sitt djupaste mørke.
“Skjer av meg tunga
slit ut håret mitt
skjer av meg lemmene
men la kjærleiken min vere
Eg ville heller ha mist beina
trekt ut tennene mine
pressa ut auga
enn mist kjærleiken min”
Tittelen viser til den tida på døgnet kor mennesket er på sitt mest
sårbare, og flest gjer sjølvmord. Forfattaren, Sarah Kane (1971-1999),
sleit med tunge depresjonar over fleire år, og kort tid etter at Tolv på
fem Psykose vart ferdigskrive, tok ho sitt eige liv, den 20. februar 1999.
Stykket er omset av Jon Fosse, som vart tildelt Nobels litteraturpris i
2024.
Vi gjer oppmerksam på at framsyninga inneheld sterke scenar om
tema som sjølvskading, sjølvmord og psykisk liding. Vi bed publikum
tenkje gjennom dette får kjøp av billettar.
Tilrådd aldersgrense 15 år og oppover.
Beperkingen
Anbefalt aldersgrense 15+
Afstandsverklaring
Vi gjør oppmerksom på at forestillingen inneholder tøffe scener om temaer som selvskading, selvmord og psykisk uhelse. Vi ber publikum tenke gjennom dette før kjøp av billetter.